nyhende
sport
kommentar
reportasje
debatt
abonnement
tips oss
kontakt oss
rubrikkmarknad
NYHENDE Tysdag 7. september  
Con Moto øver på kyrkjekonsert med Rein Alexander
Con Moto er glade som lerker. Dei har gjort eit storvarp og fått Rein Alexander som solist på kyrkjekonsertane dei skal ha saman med Volda mannskor i haust.

Karin Lehmann Refsnes, formann Andreas Hauge og dirigent Svein Eiksund viser fram trofeet sitt: solisten Rein Alexander. No startar Con Moto med øvingane fram mot konsertane i november.
Anne Gry Eilertsen
31.08.2004 09:50:57

Konsertane med "Kjempesjansen"-vinnar Rein Alexander blir fredag 5. november i Herøy kyrkje og laurdag 6. november i Syvde og Volda kyrkje.
Verken Ulstein eller Hareid kyrkje står på turnelista denne gongen.
– Vi var på leit etter katedralklangen på våre kantar. Då er det ei kjend sak at Volda kyrkje og den nye Herøy kyrkje er dei to katedralane her i regionen som verkeleg inviterer til å synge, forklarer Svein Eiksund, dirigent i Con Moto.

Andreas Hauge, formann i koret, legg til at det var berre to dagar Rein Alexander hadde til rådvelde. Når måndagen kjem, skal den svært så påkosta CD-en hans på Sony lanserast, og då må Rein Alexander sjølvsagt vere på plass i Oslo.

– Men på veg innover til Volda tek vi ein avstikkar til Syvde kyrkje og held konsert der. For sjølv om Rein Alexander er i ferd med å bli ein internasjonal artist, så likar han famleis å synge i små bygder, legg Karin Lehmann Refsnes til.

Med på konserten blir også Volda mannskor, som har Kjetil Eiksund til dirigent.
– Rein Alexander er eigentleg kormann. Han starta karrieren i Sølvguttene og song mellom anna i fleire år i mannsgruppa Gli Scapoli. Og han likar å synge a capella inn i mellom. Då vi snakka med han om repertoaret, så hadde han eit ønske: å få framføre dei fire salmane av Grieg, fortel Svein Eiksund. Han meiner salmane til Grieg, blant anna "I himmelen" og "Guds sønn har gjort meg fri", er nasjonalskattar på linje med "Skriket" og Madonna" av Munch.
– Og så krev dei ein god bartyton/tenor-solist. Og det har vi sikra oss no, smiler Eiksund.

Men det skal stå meir på repertoaret enn salmane til Grieg. Nokre negro spirituals står på programmet, og det same gjer ein del salmar av Henning Sommerro, Johan H. Grimstad, Per Indrehus og Sivert H. Geitvik.
Rein Alexander skal mellom anna synge Geitvik-salen "I himmelen", ein av dei store hit-ane til songaren Randulf Saunes.
Con Moto har i dag om lag 50 songarar, og til helga blir den første øvingshelga fram mot konserten.
– Viss det finst ein tenor, eller ein god bass som har lyst til å vere med på dette prosjektet, så takkar vi ikkje nei, er oppmodinga frå dirigenten.
Ut i september vil det også bli samøving med Volda mannskor.


Siste 5 Nyhende:
 • Nedom Bergen Rør: Motorsykkel kolliderte med lastebil
 • "Proff" allmenn-Quiz i Puben
 • Heider til Libra-tilsette
 • Terje Flø: - Foreininga på skinner
 • Internett-aksjon for å berge Foreininga
På forsida akkurat no:
 • Nedom Bergen Rør: Motorsykkel kolliderte med lastebil
 • Treåring fall gjennom djupt hol på Kvitneset
 • Internett-aksjon for å berge Foreininga
 • Terje Flø: - Foreininga på skinner
 • Heider til Libra-tilsette

Tips ein venn om denne saka (epostadresse i begge felt)
Til: Fra:



på forsida:
Nedom Bergen Rør: Motorsykkel kolliderte med lastebil
Treåring fall gjennom djupt hol på Kvitneset
Internett-aksjon for å berge Foreininga
Terje Flø: - Foreininga på skinner
Heider til Libra-tilsette
Nevstad: - Hødd kan nå Topp Fem
Trine Pilskog vil prøver seg i nokre løp til
Hareid knivar om smågute-KM
"Proff" allmenn-Quiz i Puben
Styrkeprøve Eiksund - Alskleiva - Korshamna søndag 26. september




Innhaldet på websidene er verna i høve til Lov om opphavsrett til åndsverk (Åndsverkslova)
Ansvarleg redaktør Asle Geir Widnes Johansen
digikom avis - en smart løsning fra digital kommunikasjon as